Framleis viktig å spara straum
Og visste du at ein fryseboks bruker ti prosent mindre energi enn eit fryseskap? Paasche understrekar at det heile tida handlar om å ha et bevisst forhold til straumsparing heime. ? Berre det å rensa lofilteret før kvar turketromling, vil forkorta turketiden og redusere straumforbruket, seier energirådgjevaren som har fanga opp fleire gode råd frå danske Elsparefondet. Dei mest energieffektive frysarane er merka A+ eller A++. Sjekk straumforbruket på dei ulike fryseboksane. Det kan variera sjølv innanfor same energiklassen. Fryseboksen eller fryseskapet bør stå i et rom der temperaturen ikkje er lågare enn om lag 18 grader. Det finst enkelte modelaer som kan tola ein romtemperatur rundt ti gradar, men ulempen med desse skapa er at dei brukar meir energi.

